Orre gamle kyrkje blei bygd i Håkon Håkonsson si regjeringstid, kring midten av 1200-åra. Kyrkja ligg på den gamle Orre-garden, nær sjøen og det store Orrevatnet.

I gamal tid var Orre ein viktig samlingsstad for folk på Jæren. Opphavleg var kyrkja utan tårn, og mindre enn i dag. Eit tårn i tre blei bygd i 1649, og i 1951 eit mindre kor, også i tre. Samstundes blei det sett inn fleire vindauge i kyrkja. Våpenhuset kom til rundt 1663. Taket blei tekt med takstein i 1768. I 1864 blei det gamle koret rive og eit nytt og større blei reist.

Orre gamle kyrkje var soknekyrkje heilt fram til 1950, då den nye kyrkja for soknet blei innvia på Pollestad. Orre gamle kyrkje har framleis den gamle klokka si. Døypefonten i kleber kom attende til kyrkja i 1985 etter at han i lang tid var plassert i bispekapellet i Stavanger. Altertavle og preikestol frå første halvdel av 1600-åra, er laga av Jørgen snikkar. Preikestolen er måla av Godtfried Hendtzschel, medan altertavla er måla av Daniel målar.

Under kyrkjegolvet er det funne fleire graver, dei eldste frå 1400-åra, den yngste frå 1691.
På kyrkjegarden er det m.a. nokre graver, "franskegravene", som er gravene til fem
franske sjøfolk som blei gravlagte her i 1853 etter eit skipsforlis.

 

Orre gamle kyrkje

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN