Her på toppen av Randabergfjellet kan ein framleis sjå spora etter den gamle
Randabergkyrkja. Ho er nemnd i skriftlege kjelder frå 1300-tallet, men er truleg eldre. Fram til 1845 var kyrkja sognekyrkje for nordre del av Randaberg. Det er sannsynleg at kyrkja opphavleg var ei stavkyrkje.

Tidlegare låg tunet på garden Randaberg nett her, noko som kan tyda på at kyrkja har vore reist som eit privat kapell eller kyrkjebygg for folka på garden. Frå gardstunet og kyrkjebygget var det god utsikt, og gudshuset har vore synleg over store område. Her var kort avstand til viktige ferdselsårer og utsyn over leia inn til Stavanger og innseglinga til Boknafjorden.

Mogeleg var det den mektige Jon Torbergsson som bygde kyrkja. Han budde på denne garden og var lendmann og svoger til kong Magnus Erlingsson. Jon fall ved slaget på Kalvskinnet i 1179, saman med kongen. I Jon si levetid var garden Randaberg stor og mektig med inntekter både frå eige og kongeleg jordegods.

Korkje ruinen etter kyrkja eller kyrkjegarden er arkeologisk undersøkt, men det er svært sannsynleg at det i bakken kan skjula seg funn frå vikingtid og middelalder.

I 1848 vart kyrkja revet ned, og materialet vart brukt i kyrkja på Harestad.

Sjå skiltet (pdf-fil)

 

 

 

 

Kyrkjegard og kyrkjetuft frå middelalderen

 

 

 

 

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN