På andre sida av vegen ligg restane av eit av dei best bevarte gardsanlegga frå
folkevandringstid (ca 200-500 e.Kr.) i landet. Anlegget består av to tun som ligg omlag 100 meter frå kvarandre. Begge tuna består av to hus, eit stort langhus og eit mindre hus, som låg omlag vinkelrett på kvarandre. Dei mindre husa kan ha vore ein slags verkstad/smie, medan dei store husa er kombinerte bustadhus og fjøs.

I tuftene er det gjort funn av smykke, spinnhjul, eldslaginsstein, fiskesøkke,
kvernsteinsfragment og bryne. Ved sjøen ligg ei nausttuft frå same tid. Denne blei i vikingtid bygd om til bustadhus. Der vegen går idag låg det tidlegare ein stor gravhaug frå folkevandringstid med mange funn, bl.a. draktsmykke, kniv, pilspiss og keramikk. Mellom dei to tuna er det restar av eit omfattande gjerdesystem, og på jordene nord for tuftene har det inntil nyleg vore ei mengd steinrøyser frå rydning av åkrar i folkevandringstida.

Sjå skiltet (pdf)

 

 

 

 

Gardsanlegg Vaula

 

 

 

 

 

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN