Steinkyrkja vart bygd tidleg på 1100-talet og var i bruk fram til 1842. Deretter stod ho som ein open ruin fram til 1871. Då kjøpte kunstmålaren Johan J. Bennetter steinmurane og bygde dei om til bustad og atelier. I åra mellom 1907 og 1940 stod kyrkja på nytt som ruin.
Etter utbrotet av andre verdskrigen reiv den tyske okkupasjonsmakta ned det meste av steinmurane. I 1980-åra blei dei store bogeopningane rekonstruerte. Dagens ruinkyrkje blei fullført i åra 1992-95. Ho speglar fasar av ein særeigen bygningshistorie gjennom 900 år.


1100-1842

1842-1871


1871-1907


1940-1983

Byggherre: Sola Kommune
Ansvarleg for rekonstruksjonar og arkeologiske granskingar: Alf Tore Hommedal
Utførande arkitekt: Louis Kloster

Åpningstider: Søndag mellom kl. 13.00 og 17.00.
Ellers ved å kontakte Sola Kulturkontor, tlf. 51 65 33 60.

Sjå skiltet (pdf-fil)

 

 

 

 

Sola ruinkyrkje


 


 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN

 
   

 

 

s