Nausttufta er omlag 17,5 meter lang og har opning mot aust; innover mot land. Årsaka til dette er at i eldre jernalder sto sjøen nokre meter høgare, og gjekk inn i ei grunn bukt der vegen og Hestabekken er i dag. Denne bukta gav ei god naturleg hamn for båtar. Naustet ligg også litt i ly av knausen i nordkanten.

Sola og Madla har ein av dei største konsentrasjonane av nausttufter i Norge med mest 40 stk. Svært mange av dei trur vi er frå romartid og folkevandringstid, dvs. i perioden frå Kristi fødsel til 600 e.Kr.

Sjå skiltet (pdf-fil)

 

 

 

 

 

 

 

 

Nausttuft på Solastranda

 

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN