Denne omlag fem meter høge bautasteinen kan markera ei gravlegging frå romartid eller folkevandringstid (0 - 600 e.Kr.) I den tida var det ikkje uvanleg å markera gravene på denne måten, men bautasteinar er kjent gjennom heile jernalderen. I vikingtid hadde ein gjerne runeinnskrifter på steinane.

Bautasteinar kan også vera minnesteinar etter falne som aldri kom heim. Mogeleg var det menneske med særlege kvalitetar som fekk reist steinar etter seg. Dei kan t.d. ha vist stort mot, vore mektige eller hatt stor visdom.

Elles i Strand er det fleire bautasteinar, m.a. ein til på Nag, like ved riksvegen. Denne steinen står ikkje på opphavleg stad. Dessutan er det ein på Tjøstheim, to på Tungland og ein på Idse. To bautasteinar som sto i Kjølevik er fjerna. Nokre av bautasteinane er frå vikingtid og dermed yngre enn denne på Nag.

Sjå skiltet (pdf)

 

 

 

 

Bautasteinen på Nag

 

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN