I dette området ligg det 16 gravhaugar frå jernalderen (500 f.kr.- 800 e.Kr.).
10 er forma som rundhaugar, mens 6 er forma som langhaugar.
Nokre av haugane er svært tydelige og monumentale. Dei vitnar om velstand og rikdom blant bøndene i området.

Før kristendommen vart innført på 900-talet, var gravlegging i haugar svært vanlig. Den døde fekk ofte med seg gravgaver, som reiskap, leirkar eller smykke.
Innhaldet i desse haugane er ikkje kjent, sjøl om det under legging av vegen som går over feltet, skal ha blitt gjort funn av ulike gjendstandar I jernalderen var det vanleg å bu i nærleiken av forfedrane sine. Det er derfor svært sannsynleg at det på dei flatere partia i dette området ligg att spor etter forhistorisk gardsbusetnad under torva.

Dersom du fortset vidare oppover mot nordaust og bedehuset vil du sjå fleire forhistoriske gravminne.


Sjå skiltet
(pdf-fil)

 

 

Gravfelt frå jernalderen

 

 

 

 

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN