Foran deg ligg den gamle kyrkjestaden i Sandeid. Her sto det kyrkje fram til 1904. Vi kan framleis sjå kyrkjegarden som låg rundt. Kyrkjegarden er rama inn av stein-murar. Inne på kyrkjegarden sto det til nyleg ein steinkross og ein såkalla "heilag kvit stein" (fallosstein, heidensk kultgjenstand).

Den fyrste kyrkja her blei reist på 1100-talet, og var ei stavkyrkje. Stavkyrkja blei riven i 1814, då ei ny trekyrkje blei ført opp. Denne blei riven i 1904, og den kyrkja som står på høgda bak kyrkjegarden blei bygd.Staden har truleg vore kultstad også i heidensk tid. Då den fyrste kyrkja blei bygd, blei det heidenske kultobjektet, fallossteinen, rive ned og lagt under kyrkjegrunnen. Han blei funnen att då stavkyrkja blei riven.

I Bergen Museum er det fleire gjenstandar som kjem frå stavkyrkja her på Sandeid: ein steinkross, ein Kristusfigur i tre, ei kyrkjeklokke med inskripsjon (tolka som "Svein prest let støypa meg") og fleire myntar.


Se skiltet (pdf)

 

 

 

 

Mellomalderkyrkjegard

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN