Sandeid er av dei bygdene i Rogaland med dei rikaste vikingtidsfunna vi kjenner til i Rogaland. Dessverre er lite av dette att.

Spora etter ein holveg er enno inntakt på Østabø. Dette er eit gammalt vegtråkk etter ferdsel gjennom mange hundre år over eidet mellom Sandeid og dei funnrike bygdene Ølen og Etne i Sunnhordland. I moderne tid har ein gravd vegen djupare, for å drenera ut våte område. Likevel kan ein sjå spor etter det opphavlege vegtråkket i dei skrå sidekantane. Holvegen kan finnast att andre stader i eidet og er også påvist ved gravfeltet på garden Vestre Eide i Ølen.

Den eksakte alder på holvegen er ukjent, men den har ganske sikkert vore nytta i vikingtid. For dei vikingane som budde i midtre fjordstrøk kan eidet mellom Ølen og Sandeid ha vore eit alternativ til sjøvegen om Karmsundet der konge og kyrkjemakt på Avaldsnes kontrollerte trafikken.

I jernalder var det ikkje uvanleg å leggja gravene langs viktige ferdselsvegar. Slik var det også her på Østabø, men dessverre er gravfeltet fjerna i moderne tid. Dette var eit stort vikingtids gravfelt med nærmare 40 gravhaugar. Nokre av haugane vart undersøkte på slutten av 1800-talet og mange av dei var rike på funn.

Østabø var ein sentral og viktig gard i vikingtida. Eit av gravfunna frå denne garden vitnar om ein mektig mann som levde her på midten av 900-talet. Han hadde fått med seg spyd, øks, skjold, saks og eit praktfullt, 80 cm. langt tveegga sverd med sølvinnlegg og sølvtrådbelagt hjalt. Tilsvarande sverd er det funne 6-7 stykk av på Vestlandet. Dei er elles kjent på Island, i Sverige, Baltikum og i området mellom Ladogasjøen og midtre Dnjepr.

Se skiltet (stor pdf-fil)

 

 

 

 

Holveg og fjerna gravfelt på Østabø

 

 

 

 

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN