Steinslandsåto på Innbjoa er den einaste bygdeborga i Ølen. Ho ligg øvst på ein liten fjellknatt som hevar seg 50 meter over lendet, og er vanskeleg tilgjengeleg. Bygdeborger har vore tilfluktsstader og forsvarsanlegg som vart nytta i ufredstider. Naturformasjonar slik som denne var lette å forsvara, og det var ein viktig føresetnad. Samstundes ser det og ut som om borgene vart lagt slik at dei kunne ha oppsyn med ferdslevegar. Dei ligg og sentralt i bygdene, om det var høve til det.
I Noreg finst omlag 300 bygdeborger spreidde over heile landet. Svært få av dei er nærare granska. Eit av unntaka er nettopp borga på Steinslandsåto, sjølv om det berre er snakk om mindre undersøkingar. Naturvitskapelege dateringar av trekol og never fortel at bygdeborga har vore i bruk i eldre jernalder, nærare tidfesta til perioden 250 e.Kr. til inn på 400 talet e.Kr. Dei eldste dateringane er frå tida kring Kristi fødsel, og dei yngste er bortimot tusen år seinare.

Føremålet med bygdeborg
Det er ikkje mykje vi veit om bygdeborger. Vi finn liknande mellom anna i Sverige og på De Britiske Øyar, utan at det treng vera nok
on samanheng her. Nemninga borg seier at det er festningsverk det er snakk om. Dei norske festningsverka er hovudsakleg frå folke-vandringstida. I sogelitteraturen som handlar om vikingtida, hundreåra etter, er dei knapt nemnde. Ut frå dei arkeologiske funna å døme kan denne delen av eldre jernalder ha vore ei tid med ufred. Folk hadde openbert trong for ein tilfluktsstad og vern mot fiendar og illgjerningsmenn. Samfunnet var organisert i høvdingdøme der ein høvding rådde over eit større eller mindre landområde. Kunne fienden kome frå nabobygda? Kan det ha vore ein lokal høvding som har organisert bygginga av borgene i Sunnhordland? Det veit vi ikkje, men alle borgene ligg slik at ein kan sjå frå den eine til den neste. Frå Steinsland-såto er det eit vidt utsyn der ein kan sjå til Langenuen og inn i den tronge og steile Åkrafjorden, og vidare til bygdeborga på Linhovde i Fjellberg. Det ser ut som bygdeborga på Steinslandsåto var del av eit organisert forsvar.

På toppen
Bygdeborga på Steinslandsåto er ikkje lett tilgjengeleg for folk, det var og meininga! På tre sider er det høge stup, berre på den sør-austlege kanten er det mogleg å kome seg nokolunde lett opp. Difor var det naudsynt å byggje ein mur for å gjere tilkomsten van
skelegare. No er muren rasa saman, men framleis kan han sjåast som ein 40 meter lang steinhop. Mot sørvest ligg det restar etter tre mindre murar som også hadde til oppgåve å gjere vegen vanskeleg for folk med fiendtlege ærend.
Litt forbi hovudmuren er ei steindyngje som kan vere restane av ei gravrøys. Her er det funne ein jernnagle og eit flintstykke. Ei anna tolking er at steinane vart dyngja saman.
På toppen av knausen er det to flate parti. På det største er det synleg seks avlange og grunne søkk ordna i to parallelle rekker. Dette er tufter etter hus, og i ein av desse er det funne kol som har gjeve oss ein peikepinn om alderen på anlegget. Forutan tuftene er det og ei oppkome med vatn som visstnok aldri vert tørr.

Lokale folk budde til strid?
Talet på hus fortel at der kunne vere ei stor menneskemengde på same tida. Vi kan sjå føre oss at folk og dyr søkte til Steinslandsåto då fienden nærma seg. Der kan dei ha vore i lang tid, om det trongst. Å byggje ein festning som dette kravde mykje arbeidskraft. Var det investeringa verd? Vart Steinslandsåto nokon gong nytta? Det veit vi ikkje, men trusselen må ha vore der.

Sjå skiltet (pdf)

 

 

 

 

Steinslandsåto

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN