Kongshaug

Her, på eit av dei flottaste utsiktspunkta i sentralbygda i Sauda, låg det
tidlegare fleire store gravhaugar. Kan
skje var det så mange som fem. Fleire av haugane vart fjerna for lenge sidan, men framleis kan vi oppleva to av desse førhistoriske monumenta.

Staden der gravhaugane ligg, vert kalla Kongshaug. Dette er eit namn som ofte
vert brukt om gravhaugar, særleg store haugar
med ei dominerande plassering i
landskapet. Vi kan nok ikkje bruka stadnamnet som grunnlag for å seia at
gravhaugane vart reist for ein konge eller ein høvding. Likevel må det seiast at store, prangande gravmonument ikkje var noko som vart reist for kven som helst.
Begge haugane på Kongshaug har søkk og skader. Dette kan tyda på at det har vore gravrøvarar på ferde ein gong for lenge sidan.

Vi veit svært lite om gravhaugane som nå er fjerna, men ifølgje tradisjonen skal det ha vorte funnen ei leirkrukke i ein av haugane. Leirkrukka har dessverre gått tapt, men opplysninga kan gje oss ein peikepinn på alderen til gravhaugane. I siste halvdel av eldre jernalder (Kr.f. - 550 e.Kr.) var det nemleg svært vanleg å bruka leirkrukker, anten som gravurner eller som gravgåver. Derfor er det ikkje usannsynleg at gravhaugane vart bygd ein gong i denne perioden, sjølv om det ikkje kan utelukkast at haugane er eldre.

Gravhaugane kan kanskje tolkast som eit teikn på at folket på Søndenå hadde makt og innverknad på lokalsamfunnet i eldre jernalder, eller at dei i det minste prøvde å formidla eit slikt inntrykk til naboar og eventuelle inntrengjarar. Omlag tusen år seinere, i seinmiddelalderen, kan vi lesa i skattematrikkelen at Søndenå var ein av de største og rikaste gardane i Sauda.

Sjå skiltet (pdf)

 

Gravminner frå jernalderen

 

< TILBAKE TIL FORRIGE
< TILBAKE TIL HOVEDSIDEN